fredag 11. august 2017

«I krig og kjærleik» av Ragnhild Kolden

Gjeven ut av Samlaget 2010

Vi er i Trøndelag frå 1940 og fram til etter krigen. Bjarne og Lillian (eigentleg heiter dei Bjørn og Dagny) møtes fyrste gongen på ein gard der Dagny er tenestejente. Bjarne får med seg at bonden valdtek Dagny, noko som langt i frå er fyrste gongen, men no får Bjarne sett ein stoppar for det. Han tek Dagny med vekk frå garden og køyrer henne heim til foreldra. Med tida kjem ho etter han til Trondheim, og ho vert med han - under dekknavnet Lillian - på det farlege og spanande arbeidet han gjer, som agent for Gestapo.

Denne historiske romanen hoppar ein del fram og tilbake i tid. Alle kapittel er godt merka, så det går greit å vite kvar og når ein er i historia, men eg er ikkje spesielt glad i slik hopping, særskilt ikkje når eg tenkjer historia kunne vore enklare å lese og verka like sterkt, om ho vart fortald kronologisk.
Romanen er forfattaren sin debut, og slik sett eit imponerande arbeid. Men eg ser at boka kunne vore meir bearbeidd både språkleg og innhaldsmessig.

Det er modig av forfattaren å skrive med forståing for «den gale sida» under andre verdskrigen. Men som lesar er det vanskeleg å kjenne sympati med hovudpersonane, eg kjem ikkje under huda på dei, kanskje av di eg ikkje heilt trur på dei. Dei vart rett og slett ikkje levande for meg.

Eg valde denne boka etter å ha lest «Det gode vi ikkje gjer» av Kolden, da vart eg nysgjerrig på kva anna ho har skrive. Men eg vart ikkje så fenga av denne, og trur ikkje eg kjem til å lese dei uavhengige fortsetjingane i «Krigens skugge» (2012) og «Fredens frosne hjarte» (2014)

2 kommentarer:

  1. Jeg har lest trilogien, og likte bøkene godt. Syns Kolden skriver godt om tema som ikke alltid blir snakket så mye om. Og i bygdene var det nok mange saker som ble sopt under teppet etter krigen. Tøft å ta opp dette. Så jeg liker altså både krimbøkene hun skriver og de andre.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for kommentar! Så bra at du forsvarer bøkene til Kolden. :-) Jeg virket kanskje litt mer negativ i innlegget mitt enn jeg egentlig er - boka er jo ikke dårlig, og jeg kommer helt klart til å anbefale den til lesere som søker historiske romaner.

      Slett